Meny
Velg seksjon 5. trinn
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Kunstnar og journalist May Linn Clement frå Austevoll besøkte nyleg Storebø skule, der elevane fekk eit spennande innblikk i arbeidet hennar som teiknar i avisa Dag og Tid. Ho delte erfaringar om korleis avisteikningar kan formidle bodskap på tvers av språk, og kvifor dei er viktige i mediebiletet. Gjennom programmet hennar, og bruk av den digitale skuleportalen «Avisteikning og ytringsfridom», fekk elevane både lære og prøve sjølve. Det vart eit lærerikt og inspirerande besøk – og ikkje minst veldig gøy!

Mellomtrinnet på Storebø skule hadde leseveke i veke 12. Hovudoppgåva deira denne veka var å oppklare ei sak for politiet i Austevoll. Med utgangspunkt i den verkelege verda, har dei løyst den fiktive saka "Møksterkrone-mysteriumet".

Nokre bilete frå skulelunsjen til elevane.

Storebø skule har fått ny kantineansvarleg. Hilde Hufthammer tek over ansvaret for kantina, som startar opp att fredag 6. februar. For å markere oppstarten vert det gratis kantinetilbod for alle elevar ut februar. Vi håpar dette vert eit kjekt og populært tilbod for elevane.