Meny
Velg seksjon 4. trinn
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
I dag var siste elevdag på skulen før jul. Vi har lagt bak oss ei fin førjulstid med mykje kjekt innhald. Som avslutning hadde vi skulekino. Vi fekk òg besøk av nissen, som var innom klassane før elevane gjekk heim.
Vi ønskjer alle elevar og føresette ei riktig god jul og eit godt nytt år. Velkomen tilbake på skulen til første skuledag etter jul, som er 5. januar.

Tysdag 16. desember hadde 3. og 4. trinn julespel på skulen. Elevane imponerte med flott innsats, og både barn og vaksne bidrog til ei stemningsfull framsyning.
Etter julespelet vart det juletregang, noko som skapte god julestemning for både små og store. Det er fint å ta vare på slike gode juletradisjonar som samlar skulefellesskapet.

Bilete frå skulejoggen kor elevane jogga for å samla inn pengar til SOS barnebyer og born på Gaza

 


For ein herleg dag! 4. trinn har vore på tur til SFO-skogen, der dei rydda greiner, leika saman på tvers av klassane og kosa seg i solskinet. Det blei tent bål, delt mange smil – og stemninga var på topp heile dagen. Ein skikkeleg vellykka tur!