Nytt elevråd på Storebø skule
		
    
        
        Storebø skule har fått nytt elevråd for skuleåret 2025/2026. Elevane har stemt fram sine representantar, og samansetjinga av rådet blei klar denne veka.
    
    
	 
Publisert: 22.09.2025 12:46   Sist endra: 22.09.2025 12:46   Forfattar: MH 
    Til leiar er Amalie vald, medan Astrid Hennie og Mia Elise er nestleiarar. Elevrådet består elles av representantar frå 2. - 7. trinn på skulen.
Elevrådet skal i løpet av året arbeide med saker som gjeld både miljø, trivsel og aktivitetar, og har ei viktig rolle i å bidra til at elevane får påverke kvardagen på skulen.
Med nye representantar på plass ser Storebø skule fram til eit nytt skuleår.