Avslutning på krabbeprosjektet
		
    
        
        Krabbetur til Hauglandsvågen
    
	 
Publisert: 30.09.2025 13:37   Sist endra: 30.09.2025 13:51   Forfattar: Arnhild Drønen 
Vi har i 6 veke hatt eit prosjekt om krabben og elevane har lært om både krabbens anatomi og kva miljø krabben likar å leve i. 
I dag har 2.trinn våre på tur til Hauglandsvågen for å forske på krabbe. Det vart leita etter krabbe i fjøra og dei var ute i båt og drog teine, fangsten var god og elevane fekk smaka på kokt krabbe. Det var mange gode samtaler kring krabben og elevane kunne fortelja om det var jente eller guttekrabbe, og at krabben kunne lukte med beina sine og oppdage mat på ein kilometers avstand! I tillegg har vi lært at krabben tissar rett bak augene, og det syntes alle var veldig kult :)