Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Verdalsvegen 31 4352 KLEPPE Telefon: 51788450 Send e-post til oss
SFO Verdalsvegen 31 4352 Kleppe Telefon: 51788470 Send e-post til oss
Redaktør: Reidar Harberg
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2018><<
januar 2018
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
PALS

Bore skule er ein av to skular på Jæren som driv etter Palsprogrammet.  Dette er eit skuleomfattande program som skal hjelpa elevar og tilsette på skulen i arbeidet med sosial kompetanse og gje eit godt læringsmiljø.

PALS står for positiv atferd, støttande læringsmiljø og samhandling.  Programmet har eit positivt elevsyn i botn for alt arbeidet med elevane.  Me skal involvera oss positivt, bygga relasjonar og rosa positiv atferd.  Dette er det grunnleggande og det innføringa av modellen startar med.  Ros kan me gje med gode tilbakemeldinger, men me gjer det også med å gje "brakort" når ein elev har ein positiv atferd.  Ved å rosa dei som gjer det rette får me også vist dei andre kva som er god atferd.

Eit anna punkt er tydelege beskjeder.  Det er viktig å gje forståelege og gode beskjeder.  Det er lurt å seia "ta opp leseboka på side 35" i staden for å seia ta opp boka (kva for ei bok? - kva side?).

Me har også gått gjennom alle reglane på skulen og har formulert dei positivt.  Det er viktig at det er enkle og tydelege reglar som alle er kjende med.  Derfor er desse slått opp rundt på skulen og har sitt utgangspunkt i våre tre hovudreglar: respekt, ansvar og omsorg. Det skal også vera tydeleg kva reaksjon som blir gitt når reglar ikkje blir haldne.

Tanken med programmet er at tilsette og elevar skal veta kva som blir forventa og korleis elevane skal behandlast.  Dette har ført til at elevane kan forventa det same frå ulike lærarar og andre vaksne.  Dei vaksne kan og forventa dei same reglane i ulike klassar, noko dei gir uttrykk for er ei stor lette i det daglege arbeidet.

Programmet blir stadig evaluert.  Hausten 2017 blei det innført justerte Palsreglar for skulen.

Sjå vedlegg: - Palsreglar     - Proesdyrar     - Informasjon til heimen