Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Verdalsvegen 31 4352 KLEPPE Telefon: 51788450 Send e-post til oss
SFO Verdalsvegen 31 4352 Kleppe Telefon: 51788470 Send e-post til oss
Redaktør: Reidar Harberg
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2018><<
januar 2018
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Visjon: Meir læring for alle

Me er i ferd med å kryssa over til 2018 og vil ønskja alle eit godt nytt år!

Me er midt i eit skuleår, men vil likevel oppleva ein del endringar i neste del av dette skuleåret.

Under informasjon nederst til høgre på sida ligg eit nytt nummer av Bore Nytt med informasjon om aktuelle ting for halvåret som ligg framfor oss.


Først takk for god deltaking i foreldreundersøkinga!

Dei føresette fekk høve til å svara på PC då dei var til samtale på skulen.  Dette er det 80 % som har gjort.  Det må vera godkjent på ein stor skule med så mange føresette.  Likevel var det nokre klassar der me hadde litt dårleg deltaking.

Det var 5 klassar som hadde 100 % svar og 6 klassar som mangla eit svar.  Kjempebra.


Det er mange ulike innslag i adventstida.  Eit av dei er Luciadagen.

Som vanleg var det 4. trinn som sto for "feiringa" av denne dagen. 

Då går dei rundt i romma på skulen med lys og syng Luciasongen. 

Det er alltid eit kjekt innslag i førjulstida.  Alle klassane får besøk.


Dessverre fører snø og is også til kaos på vegane.  Det gjorde det også på skulen.  Det er utruleg at dette går godt. Foreldre skal absolutt opp til skulen midt mellom bussar og elevar som venter på bussar.  I dag måtte bussen venta fordi privatbilar opptok heile plassen.

Foreldre må læra seg å bruke andre stader å henta elevar (dersom dei må hentast).  Etter nyttår (i februar) blir området avstengt, og då må all trafikk med privatbilar vekk frå innkøyringa til skulen.  Det er berre å begynne å innretta seg etter dette.  Vis omsyn slik at ikkje det skjer ei ulukke!