Meny
Velg seksjon Framside
0. klasse
1.trinn
2.trinn
3.trinn
4.trinn
5.trinn
6.trinn
Hovedadresse Verdalsvegen 31 4351 KLEPPE Telefon: 51788450 Send e-post til oss
SFO Verdalsvegen 31 4351 Kleppe Telefon: 480 51 422 Send e-post til oss
Redaktør: Jorun Beate Fylkesnes
Undersøkingar
Foreldreundersøkinga
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Oppfølging av resultat Elevundersøkinga

Informasjon om korleis skulen følgjer opp, og kva skulen har funnet ut av kring mobbetala frå elevundersøkinga.

Jærbladet publiserte den 8. februar ei sak om urovekkande mobbetal på fleire skular, kor Bore blant anna hadde nedslåande tal. Der kom det fram at 21 elevar på 5. trinn og 18 elevar på 6. trinn har kryssa av for at dei opplever mobbing. I februar gjennomførte skulen ei ikkje- anonym undersøking på alle trinn utanom 1. trinn som heiter Klassetrivsel. Denne undersøkinga gjennomfører skulen fast fire gonger per skuleår. Her ønskja skulen å finne fram til kva for elevar som melder frå om at dei ikkje har det trygt og godt på skulen.

I Klassetrivsel fekk me totalt 44 namn, som altså er 5 fleire enn dei som kom fram i Elevundersøkinga. Sosial- pedagogisk team og skuleleiinga har deretter gjennomført undersøkingar, deriblant samtalar med dei elevane som oppga at dei ikkje har det trygt og godt, for å finne ut kva dette handlar om. Skulen har og tatt kontakt med foreldra til alle desse elevane for å sjekke ut vidare.

Det me står igjen med etter denne grundige undersøkinga er 9% som opplever å ikkje ha det trygt og godt. Fleire av desse sakene kjente skulen og allereie til, og arbeidde med.

Det er framleis eit høgt tal, og det er viktig for både elev, foreldre og skulen at me får arbeidd med dei reelle sakene.