Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Fin start i 6.klasse

Det var ein glad gjeng som møtte opp til første dag i sjette klasse. Stemninga utanfor skulen med spontan ringdans og mange gode klemmar fortalde oss at det å begynna på skulen igjen i grunnen ikkje var så verst.

Me synest at me har hatt ein god oppstart. Dei første vekene i eit nytt skuleår har me mykje fokus på det sosiale. Me tek oss tid til leik og sosiale aktivitetar og brukar godt seinsommarver til å vera litt ekstra mykje ute før hausten innhentar oss.

Nytt av året er at elevane våre er blitt fadrar. Fadderordninga vår er organisert slik at våre elevar gruppevis er fadrar for grupper av førsteklassingar. Erfaringa vår tilseier at det sikrar ei god oppfylgjing av alle førsteklassingane. Det at fadrane kan hjelpa kvarandre med å ta godt vare på barna, gjer og jobben lettare for dei. Det er rørande å sjå kor flinke sjetteklassingane har vore til å ta seg av dei mindre barna. Dei viser høg kompetanse på det å visa omsorg og ha tålmod. Det er i slike situasjonar me oppdagar kor store dei faktisk har blitt.

I år har heile skulen lesing og lesekompetanse som eit stort satsningsområde. I september månad skal heile skulen ha fokus på lesing. Det vil då bli lagt ekstra vekt på lesing i alle fag og på lesing av bøker både individuelt og høgt i klassane. Det gler me oss til.

Ein litt trist nyheit var at den flinke musikklæraren me hadde gleda oss til å få ikkje dukka opp likevel fordi ho hadde fått fast jobb nærare bustaden sin. Nå kryssar me fingrane for at utlysinga etter ny musikklærar vil bera frukt. Enn så lenge får dei nøya seg med at me andre på trinnet gjer så godt me kan.

Desse første vekene jobbar lærarane og dei andre tilsette på trinnet hardt med å prøva å organisera gode løysingar slik at alle elevane skal få eit best mogleg tilbod når det gjeld tilrettelegging og støtte. Det er litt av ein kabal å få på plass, men me lovar å gjera så godt me kan.

På grunn av mykje regn i juli så foregår det framleis litt arbeid på fasaden utanfor klasseromma våre. Me reknar med at det snart vil vera ferdig slik at stillaset blir fjerna og me kan bruka den utvendige trappa som skal vera vår. Litt lydar frå folk i arbeid har både me og elevane levd godt med desse vekene. 

Takk for godt samarbeid så langt. Me synest at me i tillegg til å ha flotte elevar har ei fin og støttande foreldregruppe. Ikkje ver redde for å ta kontakt med oss, dersom det er noko de lurer på eller undrar dykk over.  

Heilt til slutt eit praktisk ønske: Det er fint viss elevane kjem til skulen med eige pennal og fullada iPad.

Så ynskjer me kvarandre eit godt nytt skuleår med nye gleder og utfordringar.