Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Romvesen

Me fekk plutseleg besøk av eit romvesen denne veka. Det vart eit godt utgangspunkt for øving på skriving av både rapport og brev.

På måndag dukka eit romvesen opp akkurat då me skulle læra om verdsrommet. Det hadde krasja UFOen på M44 og visste ikkje korleis det skulle koma seg heim. Romvesenet snakka ikkje norsk, men det hadde eit apparat som gjorde det mogleg å tyda dei merkelege lydane som det laga. Etter kvart vart romvesenet oppringt og måtte gå.

Me tenkte at det var lurt å informera rektor om hendinga, og slik fekk me trening i å skildra og skriva rapport. Etter kvart dukka det opp mange spørsmål om korleis livet er i verdsrommet. Dette resulterte i ei samling brev som me har lagt i ein postkasse på taket av skulen. Me håpar at ein UFO vil oppdaga han og suga opp breva. Kanskje får me også svar i neste veke?