Elevane på 1. og 2. trinn får gratis kjernetid i SFO. I
Time kommune er gratis kjernetid definert som 3 dagarstilbodet. 2 dagars
tilbodet vil og vera gratis for denne gruppa. Om føresette på 1. og 2. trinn
ønskjer tilbod om 4 eller 5 dagar, vil prisen på eit 3
dagarstilbod bli trekt frå prisen på det tilbodet føresette
vel.
Frå august 2024 vil tilbodet om gratis kjernetid og gjelda
elevar på 3. trinn. Dei same prisane som no gjeld for 1.-2. trinn, vil då og gjelda
dei.
Matpengar er
rekna utanom pris på tilbodet. Dette må ein betala i tillegg.