Meny
Velg seksjon Framside
Engelsvollvegen 91 4353 KLEPP STASJON
Telefon: 51786500 Send e-post til oss
Redaktør: Linda Refvik
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Dagstur til hytta Frøya!

I dag gjekk uteskulen til dagsturhytta Frøy ved Frøylandvatnet. Me fyrte opp i ovnen i hytta og hadde god kos kring lunsjen. Det mangla ikkje på godt innhald i matboksane denne dagen heller, god mat som metta for ein heil dag ute i friskt ver.

Ute var elevane i god aktivitet med å byggje hytter, måla kor høge og lange dei blei, målte kor høg døra var og sjekka ut lengda på andre ting dei fann ute. At det var vind med liten kulig var det få som brydde seg om. Her var berre god aktivitet og nøgde born. Elevane gjekk heimover og tralla over at dette var årets kjekkaste skuledag. Det synst me vaksne og, hit vil me gå fleire gonger!

Dagstur til dagsturhytta Frøya ved Frøylandsvatnet.
Main Image

Bilete 1 av 26