Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Ellen Stangbye Barka
Gå til Google Classroom
Kollpamayu

Hausten 2017 fekk Forsand skule sin eigen fadderskule i Bolivia. Dette er eit prosjekt me har i samarbeid med organisasjonen Futuro Bolivia, og planen er at me skal samarbeide med og støtte denne skulen i åra som kjem. Her er litt informasjon om denne skulen og lokalsamfunnet den er ein del av.

Skulen ligg i kommunen Azurduy på landsbygda i Bolivia, og har om lag 10600 innbyggjerar. Området er relativt tørt og ligg rundt 2500 moh. Området er svært fattig, også etter boliviansk standard. Folk lever av jordbruk, dei har sauer, geiter og høner og dyrkar mais og poteter, men klimaendringar med minkande nedbør, gjer det endå vanskeligare for dei. Derfor reiser mange, både ungdommar og vaksne, til storbyen Santa Cruz for å jobbe i sommarmånadene desember-februar. 40% av befolkninga er analfabetar, forventa levealder er 57 år og spedbarnsdødeligheten 9%.

Skulen vår har 105 elevar frå 4-9 år på barnetrinnet og 10-16 år på ungdomstrinnet. Det er 50 jenter og 55 gutar. Mange elevar bur opptil 4-5 timars gange frå skulen og dei bur på internat i vekene og går bare heim i helgene, mens dei som bur i nærleiken bur heime og har gjerne 40-60 minutt å gå kvar veg. Det er 13 tilsette på skulen, rektor, 8 lærarar, 2 kokkar, ein sosialarbeidar og vaktmester.

Elevane sitt morsmål er quechua og undervisninga skjer både på dette språket og på spansk, som er offisielt språk i Bolivia. Foreldra betaler litt skulepengar. Ein del av maten elevane på skuleinternatet et dyrker dei sjøl i skulehagen.Maten blir laga og spist utandørs i mangel på kjøkken og spiserom. Mangel på vatn er eit stort problem, skulen har bare ei vannkran og vatnet er ubehandla. Dei kan derfor ikkje bruke dusjar eller vannklosett, og istaden har dei komposteringsdo.

Den første hjelpa frå oss på Forsand blei brukt til å oppgradere internata. Dei var svært dårlege med jordgolv og rotteproblem. Dei manglar også tre klasserom, men det vil kommunen nå hjelpe dei med etter same prinsippet som vår hjelp: dei får byggemateriala og så må foreldra, elevane og dei tilsette på skulen gjere arbeidet sjøl.

Dei manglar læremidler og undervisningsmateriell så det kan det være me vil hjelpe med framover, men datautstyr kan også bli aktuelt. Me har brukt pengane me fekk inn på skulefesten i 2017 og det vil bli ny skulefest i 2019.