Meny
Velg seksjon Helsesjukepleiar
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa

Helsesjukepleiar Magnhild er på skulen:

tysdag 08.00 - 14.00

torsdag 08.00 - 14.00

 

Ta kontakt med Gunvor Guddal viss helsesjukepleiar ikkje er på kontoret i oppsett tid.

Du kan nå Magnhild Thomsen på:

Tlf: 989 04 105

E-post: Magnhild.hesvik.thomsen@sandnes.kommune.no

Her kjem informasjon om endringar i skulemelkordninga

Forsand skule vil i samband med FAU og Førebyggande teneste markere verdensdagen for psykisk helse. I år er tema «Vær raus».

Sett av 4. oktober kl 18.30 - 20.30 til åpent foredrag av Alexander Skadberg i idrettshallen.


På tide med lusesjekk!

Kva er skulehelsetenesta? 

Skulehelsetenesta si oppgåve er å fremje barnet si helse og førebyggje sjukdom og skade. Tenesta skal arbeide for å fremje elevenes lærings- og utviklingsmiljø og bidra til ein helsefremmande livsstil.

Det er i hovudsak helsesyster som arbeider i skulehelsetenesta. Helsesyster kan formidle kontakt til skulelege og henvise til og samarbeide med andre tenester i samråd med barn og foreldre, eksempelvis psykiatrisk sjukepleiar. Det er særs aktuelt å samarbeide med  personalet i skulen, slik at skulekvardagen for eleven blir best mogleg.  

Kva kan skulehelsetenesta hjelpe til med?

- Sosiale eller psykiske vansker; mobbing, mistrivsel, tristhet, uro/angst etc.
- Fysiske plager; kartlegge når ein bør kontakte lege
- Vekst og utvikling; måle høgde /vekt og vurdere fysisk og psykisk utvikling, spørsmål og vanskar kring pubertet
- Syn og hørsel; syn- og hørselstest
- Støttesamtale med barnet; når han/ho møter utfordringar; samlivsbrot, tap, sorg og    sjukdom etc
- Korleis være gode foreldre når ein møter utfordringar; samlivsbrot, tap, sorg eller sjukdom, stadige konfliktar kring daglege rutinar eller gjeremål etc.

Helsesyster har undervisning, helserettleiing i elevgrupper, og deltek på enkelte foreldremøte. I tillegg blir det føreteke rutineundersøkingar og vaksinasjon etter nasjonale anbefalingar.  

Til elevar:

Er det noko du har lyst til å snakke med ein vaksen om, eller noko du treng hjelp og støtte til å finne ut av, så kom innom. Eg har teieplikt! Du kan få hjelp av ein vaksen heime, eller ein av lærarane til å avtale tid med meg, eller du kan bare banke på døra mi. Velkomen!

Til føresette:

Er de bekymra for barnet dykkar si fysiske/psykiske helse eller trivsel, er eg tilgjengeleg for samtale både med dykk og/eller eleven. Av og til hjelper det å bare ”lufte” situasjonen, andre gongar kan det vera hensiktsmessig å henvise vidare.

De er hjarteleg velkomne til å ta kontakt!