Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
ATO avdelinga ved Forsand Skule

Læring for livet – Livsmeistring

Om oss på ATO:

ATO er ei avdeling som driv eit alternativt opplæringstilbod til elevar med store generelle og samansette lærevanskar.  ATO er eit heildagstilbod som inneheld vanleg skule og SFO. Avdelinga har og ope i skulen sine feriar og følgjer elles den ordinære skuleruta. Personalet ved Forsand ATO har ulik fagleg bakgrunn som til saman utgjer eit spennande og tverrfagleg team. Personalgruppa består av sosionom, miljøarbeidar med vidareutdanning i sosial-pedagogikk, aktivitør, helsefagarbeidar, vernepleiar, spesialpedagog og lærar.

Mål og læringssyn for avdelinga:

Dei elevane som er knytt til avdelinga har individuelle opplæringsplanar, med utgangspunkt i sakkyndig vurdering frå pedagogisk psykologisk teneste(PPT) og enkeltvedtak ved rektor.  Læringsmåla blir tilpassa den enkelte eleven sine føresetnader og behov. 

Personalet jobbar for å oppretthalde og etablere sosial og ADL (Activities Daily Living) dugleik hos den einskilde elev. Som til dømes å kle på seg,  laga enkle måltid og dagleg hygiene. 

 

Mål og læringssyn for avdelinga:

Dei elevane som er knytt til avdelinga har individuelle opplæringsplanar, med utgangspunkt i sakkyndig vurdering frå pedagogisk psykologisk teneste(PPT) og enkeltvedtak ved rektor.  Læringsmåla blir tilpassa den enkelte eleven sine føresetnader og behov. 

Personalet jobbar for å oppretthalde og etablere sosial og ADL (Activities Daily Living) dugleik hos den einskilde elev. Som til dømes å kle på seg,  laga enkle måltid og dagleg hygiene. 

Graden av deltaking i klassen blir vurdert etter eleven sitt utbytte i eit samarbeid mellom personalgruppa og føresette.

Opplæringsmåla er å ruste barna til å møte oppgåver i livet og meistre utfordringar saman med andre. Heile opplæringa skal hjelpe eleven til å ta hand om seg sjølv og livet sitt. Det viktigaste på avdelinga er å sjå kvar einskild elev som eit heilskaplig menneske, der me ser på moglegheiter i staden for avgrensingar. Me skal være støttande i meistring av små og store steg på læringsstigen til den einskilde eleven.

Når det trengs, søkjer me rettleiing og hjelp frå  ekstern ekspertise eller rettleiing frå spesialhelsetenesta.

Målsetting:      

  • Styrke eleven si personlege utvikling.
  • Utvikle kunnskapar, dugleik og haldningar for å meistre livet.  
  • Meistre daglege aktivitetar og dugleik som kan gi auka livskvalitet for eleven.      
  • Trene til framtidige yrkesaktivitetar.   

Samarbeidspartnarar:

Føresette, PPT, BrønnaBakka bo- og avlastingtjeneste, fysioterapeut, ergoterapeut, rideinstruktør, Østerlide Barnehabilitering og kulturskulen.  

Opningstider:

  • Måndagar kl 08.00 - 14.00. SFO-tilbodet blir denne dagen vidareført i BrønnaBakka bo- og avlastingtjeneste.
  • Tysdag til fredag kl 08.00 – 15.30.  

Avdelinga held og ope i skuleferiane og er då eit reint SFO-tilbod i BrønnaBakka bo- og avlastingtjeneste utan undervisning.  

Transport: Det er transport til og frå skulen i skulen sine opningstider.