Kantine:
Kvar onsdag og nokre tysdagar er det sal av mat i kantina - kr 20,- per rett.
Menyen vil variere, det blir lagt vekt på sunn og næringsrik mat.
Bruk Vipps for å betale for klyppekort. Skann QR-koden nedanfor, eller bruk Frøyland ungdomsskule sin Vipps # 792290 - velg kategori: Elevkantine. Klyppekort på 10 klypp kostar kr 200,-
OBS! Ny pris frå 15. september: Dei gamle korta blir klipte med 2 klipp per rett (= 20 kr). For nye kort gjeld 1 klipp per rett (= 20 kr).
NB! Skriv namnet på eleven og klasse i vippsmeldinga.
Når føresette har vippsa, får eleven kantinekortet av miljøteamet.
Tine Skolelyst:
Fleksibel bestilling av drikke og andre produkter til skulemåltidet. Sjå vedlagt informasjonsskriv og brosjyre om ordninga, eller gå inn på nettsida til Tine Skolelyst.