ulike skulesaker

Brukarrettleiing til Visma Flyt skule

📲 Visma Flyt Skule og Min Skule-app Flyt Foresatt (ny app frå august 2026) – informasjon til føresette
Visma Flyt Skule er ei skybasert teneste for skuleadministrasjon. Løysinga digitaliserer fleire prosessar knytte til lærarar og elevar sin skulekvardag, og bidreg til eit betre samarbeid mellom skule og heim.
I Visma Flyt Skule finn de mellom anna informasjon om:

  • søknader
    samtykke
    fråvær
    vurderingar som gjeld dykkar barn

De kan òg søkja om SFO-plass, permisjon frå skulen og meir.

👉 Du loggar deg inn via Visma-knappen som ligg nedst på skulen si heimeside.

📱 Visma Min Skule- Flyt Foresatt app for mobil og nettbrett
Med Flyt Foresatt blir kommunikasjonen mellom skule og heim endå enklare. Appen gir tilsette, føresette og elevar høve til ein digital dialog, og gjer det lettare å følgja med på det som skjer. 

📘 Meir informasjon finn du i temahefta Flyt Foresatt og Visma Foresattportal eller du kan sjå Informasjonsvideoen.