Fråtrekk av fråvær på vitnemålet

Fråtrekk av fråvær på vitnemålet
Etter ny opplæringslov frå hausten 2024 kan elevar søkje om å få inntil 10 skoledagar unnateke frå vitnemålet, dersom visse vilkår er oppfylt.

Fråvær kan bli trekt frå dersom:
Eleven har dokumentert sjukdom (legeattest ved fråvær over tre dagar)
Eleven har kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetting (fråtrekk frå første dag)
Fråværet gjeld religiøse høgtidsdagar
Eleven har lovpålagt oppmøte (t.d. sesjon)
Eleven deltek i politisk arbeid eller har tillitsverv
Eleven representerer Noreg i nasjonale/internasjonale arrangement

Slik søker de:
Søknad, sjå vedlagt skjema, med dokumentasjon må sendast til skulen innan fast frist 31. mai.

Merk: Fråtrekk gjeld berre for dokumentert fråvær og påverkar ikkje vurdering eller karakterar.
Ta kontakt med kontaktlærar eller administrasjonen dersom de har spørsmål.