📚 Leksehjelp med gratis havregrøt – støtte til skulearbeidet
Kvar tysdag morgon har alle elevar ved Frøyland ungdomsskule høve til å få rettleiing og hjelp med lekser. Miljøteamet, representert ved Miriam, Eline eller Marie, er til stades og tilbyr støtte frå klokka 07:15 til 08:05.
Elevane er velkomne til å møta opp i kantina, der det vert servert gratis havregraut før leksehjelpa tek til. Dette er ein god start på dagen – både fagleg og sosialt!
🧠 Røde Kors leksehjelp på Bryne
Etter skuletid kan elevar på ungdomsskule og vidaregåande få hjelp med skulearbeidet gjennom Røde Kors leksehjelp. Mange barn og unge får ikkje den hjelpa dei treng heime, og dette tilbodet kan bidra til meistring og tryggleik i skulekvardagen.
📍 Stad: Biblioteket på Bryne
🕠 Tid: Kvar tysdag kl. 16:30–19:00
👥 Hjelparar: Frivillige med ulik bakgrunn og erfaring