Publisert: 18. november 2025 | Sist endra: 18. november 2025 | Forfatter: Monika Grødem Mageland
Bokbad med forfattar Peter Strassegger!
Gjennom Den kulturelle skulesekken har me hatt besøk av forfattar Peter Strassegger. Kvart trinn valde ei av bøkene frå trilogien Kvil i fred, Aleksander den store og Keisar Augustus. Det vart ein inspirerande dag med fokus på dei vala vi tek i livet – tek vi ansvar og ordnar opp når vi har gjort noko gale?
Alle tre bøkene handlar om unge gutar som gradvis blir dregne inn i ei verd prega av rus, vald og tjuveri. Vi blir kjende med karakterar som Per, Oskar og Aleksander. Korleis blir ungdomstida deira? Kva val tek dei som pregar livet?
Elevane hadde førebudd seg godt og stilte mange gode og varierte spørsmål. Ein kjekk og lærerik dag med djupdykk i den litterære verda - både for elevar og lærarar!