Publisert: 31. august 2026 | Sist endra: 03. september 2026 | Forfatter: Susanne Åsebø-Trodal
Nasjonale prøver 2026
Gjennomføringsperiode for nasjonale prøver er veke 36- 39.
Føremålet med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet. (Udir.no)
På 8.trinn har elevane nasjonale prøver i engelsk, lesing og rekning. Her er datoane for 8.trinn:
11.09: Rekning (90 min)
15.09: Engelsk (60 min)
17.09: Lesing (90 min)
Det er godt om dei har fått god søvn og er opplagte desse dagane. Viktig at dei har straum på lærebrettet.
På 9.trinn har dei nasjonal prøve i lesing og rekning. Her er datoane:
16.09: Rekning (90 min)
18.09: Lesing (90 min)
Korleis skal nasjonale prøver brukast?
Lærarane skal bruke resultata for å følgje opp elevane sine og i arbeidet med undervegsvurdering og tilpassa opplæring.
Kommunar og skolar skal bruke resultata som grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa.
Forskarar kan søkje om å få utlevert resultat frå nasjonale prøver til bruk i forsking.
Prøvene og resultata gir informasjon om enkeltelevar, grupper, trinn og skolar, som lærarar og skoleleiarar trenger for å utvikle skolen vidare.
Les meir om nasjonale prøver her.