Ordensreglar ved Frøyland ungdomsskule – Skuleåret 2025–2026
Målet med ordensreglane er å sikre eit trygt og godt skulemiljø som fremjar trivsel, inkludering og læring for alle elevar.
Slik vil me ha det på FUS:
-
Me reiser oss og helsar når ein ny vaksen kjem inn og startar timen.
Me rekker opp handa når me vil seia noko.
Me legg att mobilen heime, eller leverer den inn til mobilhotell i klasserommet. Den skal vere avskrudd eller i flymodus.
Me brukar ikkje mobil på skulen.
Me har musikk i øyrene berre når me har fått lov av lærar.
Det er fint om du tek av deg hovudplagg i timane.
Me legg toalettbesøk til friminutta.
Før friminutt ryddar me pulten og legg iPad og skulebøker i skap eller sekk.
Me et sunn mat og drikke, og held oss unna snop, brus og energidrikkar.
Me forlet ikkje skulen sitt område i skuletida utan avtale med lærar.
Me er gilde med kvarandre og aksepterer at me er forskjellige.