Elevpermisjonar og fråvær

📚 Permisjon og fråvær – informasjon til føresette
Frå hausten 2024 gjeld ny opplæringslov, og det er kome viktige endringar i reglane for permisjon og fråvær:
Permisjon frå undervisninga:
Skulen kan gi permisjon dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg.
Permisjon kan innvilgast ved spesielle hendingar, som idretts- og kulturarrangement, politisk arbeid eller familiære årsaker.
Elevar frå andre trussamfunn enn Den norske kyrkja har rett til permisjon på religiøse høgtidsdagar, dersom foreldra sørgjer for at eleven held tritt med undervisninga.
Fråvær:
Skulen har plikt til å følgje opp alt fråvær frå første dag – ikkje berre ved høgt fråvær.
Målet er å førebyggje bekymringsfullt fråvær og sikre at eleven får den opplæringa han eller ho har rett på.
Skulen samarbeider med heimen for å finne gode løysingar ved gjentakande eller langvarig fråvær.

De søker om elevpermisjon i Minskule- appen eller Visma Flyt Skule. For meir informasjon korleis de går fram, sjå lenka nedanfor.