Alle barn og unge
har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering,
trivsel og læring.
Skulane i Time
kommune skal sørga for at elevane har det trygt og godt. Denne retten gjeld òg på SFO og
når elevane er på leksehjelp. (§12-1 i opplæringslova)
Skulen
skal ikkje godta krenkjande oppførsel, som til dømes mobbing, vald,
diskriminering og trakassering. Skulen skal arbeide kontinuerleg for at alle
elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø. (§12-3i oppll).
Ein del
av det førebyggande arbeidet i Timeskulen, er bruk av Olweusprogrammet for 5.-
10.trinn. Skulane i Time kommune er sertifiserte Olweus-skular og følger
retningslinjene som følger av programmet både i det førebyggande arbeidet og om
det skulle oppstå saker med utrygt skulemiljø.