Det er litt spesielt å starte opp dette skuleåret, når vi veit at det vert det aller siste på Horpestad skule.
Vi ønsker 110 elevar velkommen med alle sine føresette. Vi er dette året 19 tilsette i skule og SFO.
Vi gler oss til å kome igang, og har planane klare for mykje av det vi skal halde på med dette skuleåret. Vi ønsker å ha fokus på aktive og engasjerte elevar, og vi veit at dette forutset at vi har elevar som har det trygt og godt. Vi arbeider kvar dag for at alle våre elevar skal trivast på skulen.
Eg som rektor er stolt over dei tilsette på Horpestad, dette er flotte folk som vil, og som har kunnskap og vilje til, å gjere det beste for elevane våre.
Vi er glad for at de føresette er interesserte i elevane sin skulekvardag, at de støttar opp om både fagleg og sosial kompetanse, og at de framsnakkar skulen. Ta kontakt med oss om det er noko de lurer på.
Vi ønsker å minne om at vi ikkje vil sjå mobiltelefonar i skuletida, at det ikkje er lov med el-sparkesyklar og at alle må oppføre seg fint på bussen. Eller så finn de ordensreglane og mykje anna informasjon på minskole/Horpestad.
Jærbladet var her idag, og ville lage ein liten artikkel om at det er siste året for Horpestad skule. Dei intervjua to av dei nye 1.trinns elevane.
Vi ønsker dykk alle ein god oppstart!