Meny
Velg side Framside
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Orrevegen 304 4352 Kleppe
Telefon: 934 70216 Send e-post til oss
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Vi er den minste barneskulen i Klepp kommune. Skuleåret 2023-2024  har vi 110 elevar frå 1.-7.trinn og 19 tilsette i skule og SFO. Det varierer frå 11 til 25 elevar på dei ulike trinna.

Telefon sentralbord: 934 70216

Rektor Kariann F. Leikanger 984 34386

Avdelingsleiar Dag-Tellef Risdal 980 25392

Du finn meir informasjon om oss under Meny

Gratis foredrag, stand og gode råd.

4.oktober mellom kl 17.00 og 20.00.

Foredraget starter kl 18.00.

scan QR-koden for gratis billett


Utfordringar i foreldrerollen når barn og unge er på nett.

Torsdag 28.september kl 21-22.

Barnevakten og Politiets nettpatrulje fortel om korleis ein kan handtere vanskelege situasjonar som oppstår.

Lenke til webinaret


Vi vil legge ut bilete etterkvart under fana Kleppelunden skule, slik at de kan følge med på utviklinga. 

Abonner på denne, så får du beskjed om når det er lagt ut noko nytt :)


Frå 1. september er kontoret betjent Tysdag, Onsdag og fredag fra kl 07.30 til 15.00. 


Skulen startar kl 08.15, og her er tidene for skuleslutt:

  

 

                   Måndag     Tysdag     Onsdag    Torsdag     Fredag

1.-4. trinn     14.00         12.40      14.00         12.40          12.10

5.-7. trinn     14.00         12.40      14.00         12.40          14.20


Det er litt spesielt å starte opp dette skuleåret, når vi veit at det vert det aller siste på Horpestad skule. 
Vi ønsker 110 elevar velkommen med alle sine føresette. Vi er dette året 19 tilsette i skule og SFO. 

Vi gler oss til å kome igang, og har planane klare for mykje av det vi skal halde på med dette skuleåret. Vi ønsker å ha fokus på aktive og engasjerte elevar, og vi veit at dette forutset at vi har elevar som har det trygt og godt. Vi arbeider kvar dag for at alle våre elevar skal trivast på skulen.  

Eg som rektor er stolt over dei tilsette på Horpestad, dette er flotte folk som vil, og som har kunnskap og vilje til, å gjere det beste for elevane våre. 

Vi er glad for at de føresette er interesserte i elevane sin skulekvardag, at de støttar opp om både fagleg og sosial kompetanse, og at de framsnakkar skulen. Ta kontakt med oss om det er noko de lurer på. 

Vi ønsker å minne om at vi ikkje vil sjå mobiltelefonar i skuletida, at det ikkje er lov med el-sparkesyklar og at alle må oppføre seg fint på bussen. Eller så finn de ordensreglane og mykje anna informasjon på minskole/Horpestad. 

Jærbladet var her idag, og ville lage ein liten artikkel om at det er siste året for Horpestad skule. Dei intervjua to av dei nye 1.trinns elevane.  

Vi ønsker dykk alle ein god oppstart! 

 Bestilling av skulemjølk og skulefrukt