I 2015 fekk vi kontrakt med UiS for vår femte periode som praksisskule. Det vil seie at Rennesøy skule skal vere ein arena for lærarstudentar si læring og utøving av sitt framtidige yrke. Studentane skal, saman med praksislærarar, praksisskulelærarar og øvrige ansatte, utvikle sine evner til å stille viktige spørsmål om eigen undervisning og arbeid som lærar for elevar, vidareutvikle eige arbeid og studere sin eigen og andre sin praksis.
Å ha studentar ved skulen gjer at vi blir meir medvitne om vår eigen praksis. Det gir oss motivasjon og inspirasjon både til eigenevaluering og pedagogisk utvikling.
I år skal vi blant anna ta imot tredjeårsstudentar i engelsk. Vi gleder oss!
