Meny
Velg seksjon Forside
Bedehusvegen 4 4120 Tau
Telefon: 51742770 Send oss e-post
Redaktør: Monica Helgøy
Gå til Google Classroom
Demokrativerkstad på Utøya

Tau ungdomsskole har vore på Demokrativerkstad i Oslo og på Utøya 7.-10.november. Vi var 3 elevar og 1 lærar som fekk vere med på denne spanande opplevinga. Elevane hadde på førehand sendt søknad om å få vere med, og dei som fekk reise var Mathilde Egeland Staurland, Mina Torkelsen Gjedrem, Astrid Ravnås Aske og lærar Nina Helen Hettervik. Det var ein kjempefin gjeng å reise saman med og vi fekk raskt nye vener frå heile landet. Å vere på Utøya var veldig fint, trist, tankevekkjande og lærerikt! Vi kom heim att med mange nye inntrykk og dette har elevane våre idag formidla vidare til sine medelevar. Mathilde, Astrid og Mina har brukt mykje tid på å lage ein flott presentasjon der dei fortalde om sine opplevingar, fakta frå terrorhendingane, men og om alle dei fine verdiane som Utøya står for. Dei presenterte for heile ungdomsskulen i Tau kyrkje og det dei fortalde gjorde inntrykk på alle vi som sat der. Seinare skal jentene rundt i klassane å ha ulike øvingar som dei sjølve hadde når vi var på Utøya.   
.
Main Image
Bilde 1 av 4