Meny
Velg seksjon Forside
Verdalsvegen 35 4351 KLEPPE
Telefon: 51788400 Send oss e-post
Redaktør: Harald Tolo
Visma flyt skole
Visma flyt skole
Showbie
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Om val av 2.framandspråk i ungdomsskulen

På ungdomsskulen skal alle elevane ha eit fag som heiter andre framandspråk. Ein kan i dette faget velje å ha tysk, fransk, spansk, engelsk fordjuping eller arbeidslivsfag. Skal ein gå på eit studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande skule (vgs), er det ein liten fordel om du har valt tysk, fransk eller spansk, men det er ikkje avgjerande. Dersom du skal gå på yrkesfagleg utdanningsprogram i vidaregåande skule, skal du ikkje ha andre framandspråk og det har dermed ikkje noko å seia kva du vel.

YRKESFAG I VGS

Det er 15 utdanningsprogram i den vidaregåande skulen. Kvar elev kan kun gå på eitt av desse. Fem av desse er studieførebuande. Dei ti andre utdanningsprogramma er yrkesretta, det vil sei at ein går to år på skule og deretter to år i lære i bedrift før ein får eit fagbrev. Når ein vel eit av desse åtte yrkesretta utdanningsprogramma, skal ein ikkje ha 2. framandspråk (tysk, fransk eller spansk), og det betyr ikkje noko kva ein har hatt i ungdomsskulen.

STUDIEFØREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM I VGS

Det er idrettsfag, media og kommunikasjon, kunst-design-arkitektur, musikk-dans-drama og studiespesialisering som er dei fem studieførebuande utdanningsprogramma i den vidaregåande skulen. Her skal ein gå tre år på vidaregåande skule, og for å få bli ferdig med utdanninga, må ein gå vidare minst tre år til på høgskule/universitet. På studieførebunade utdanningsprogram skal ein ha eit andre framandspråk. Har ein då hatt dette i tre år på ungdomsskulen, fortset ein med dette i to år til. I spesielle høve kan ein starte på nivå 1 på vgs, sjølv om ein har fullført andre framandspråk i ungdomsskulen. Då skal ein ha det i to år. Ikke alle skulane tilbyr nivå 1 i alle tre faga. Dersom ein ikkje har hatt tysk/fransk/spansk i faget andre framandspråk i ungdomsskulen (men engelsk fordjuping eller arbeidslivsfag), og vil gå på eit av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma, er det to forhold ein må vera klar over:

1. Ein må ha nybegynnarspråk (nivå 1) og i tre år. Dette går på bekostning av eit programfag ein sjølv kunne valt det tredje året.

2. Alle skulane som har studieførebuande utdanningsprogram tilbyr både tysk, fransk og spansk på nivå 2, men på nivå 1 tilbyr dei fleste skulane berre eitt språk. Dette er oftast tysk. Bryne vgs tilbyr per no både tysk og spansk. Nokre skular tilbyr ikkje nivå 1 i det heile - som Hetland vgs, St.Olav vgs, Stavanger Katedralskole.

For å finna meir ut om desse 15 utdanningsprogramma, gå inn på www.vilbli.no.

Elevane på 8. trinnet kan i samråd med skulen slutte med tysk, fransk eller spansk fram til jul. Etter dette må ein som hovudregel fullføra 2. framandspråk ut 10. klasse.

Les om dei ulike språka www.sprakval.no. Du kan òg lese meir om dette på Ung.no.