Meny
Velg seksjon 9. trinn
Verdalsvegen 35 4351 KLEPPE
Telefon: 51788400 Faks: 51788401 Send oss e-post
Redaktør: Roar Johannessen
Lekseplanar 9. trinn
Veke 22 og 23
Uke 24 og 25
Årshjul/kalender
Årshjul
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Nye retningslinjer om karantene

7. mars kom helsemyndigheitene med nye retningslinjer for karantene i samband med korona-viruset:
Har du vore ute og reist i dei områda som folkehelsa oppgjerat har vedvarande smitte, skal du halde deg heime i karantene i 14 dagar etter heimkomst, sjølv om du er symptomfri
Dersom den som har vore på reise får symptom på luftvegsinfeksjon, skal medlemmar i husstanden også halda seg heime i karantene.Dette gjeld sjølvsagt også for elevar og tilsette ved skular, barnehagar og SFO i Klepp kommune.  

Her finn du Folkehelseinstituttet si liste over land med vedvarande smitte: 
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/omrader-med-vedvarende-spredning-av-koronaviruset-coronaviruset/

Informasjon om karantene: 
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-til-personer-som-er-smittet-eller-har-vart-utsatt-for-smitte/rad-til-personer-som-er-i-hjemmekarantene/#hjemmekarantene

Råd til skular, barnehagar og SFO:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-og-informasjon-til-andre-sektorer-og-yrkesgrupper/informasjon-til-skoler-skolefritidsording-og-barnehager/ 

Folkehelseinstituttet har ansvar for offisielle råd som Klepp kommune baserer sine korona-retningslinjer på.  

Om medlemmer i husstanden er under testing for smitte, bør barnet haldast heime frå skulen til prøvesvar foreligg. Born/husstander som har vore i område med vedvarande spreiing, må vera ekstra obs på symptom dei fyrste 14 dagane etter heimkomst. Me sender ut ny informasjon når dette er nødvendig.  

Meir info finn du på: www.klepp.kommune.no  

Vi får ein del søknader om elevpermisjon gjennom skuleåret, på grunn av at familien skal på ferietur  Det er ein stor fordel å få slike søknader så tidleg som mogleg, pga. planlegging av prøvar/oppgåver for elevane.  

I forkant av bestilling av ferietur ber vi om at ein sjekkar årshjulet for trinnet, slik at elevpermisjonen ikkje kolliderar med viktige prøvar.  Ein kan gjerne ta kontakt med kontaktlærar eller trinnleiar for å spørja om det går greitt at eleven får fri det aktuelle tidsrommet ein ønskjer å reisa.  Dette er spesielt viktig for 10. trinnet, men det er også viktig for 9. trinnet, fordi elevane skal ha avgangskarakter i kunst & handverk og mat & helse.

Søknad om elevpermisjon ligg under Meny - Informasjon/skjema - Elevpermisjon.


SchoolLink har kommet med nye versjon.
Alle foreldre/foresatte må oppdatere/laste ned appen.
Da vil dere få versjonen som heter "SchoolLink messenger".
Det er denne versjonen som skal brukes.

Du kan logge deg inn på VISMA flyt gjennom ID-porten ved hjelp av MinID, BankID e.l.
Adressa er: https://skole.visma.com/klepp 

Når du har logga inn ser du eleven sitt namn i kolonnen på venstre side – trykk her.
Du får nå fleire faneval øvst på sida. For faglærarkommentarar trykker du på fana «vurdering». Faglærarkommentarane vil vere tilgjengelege 2-3 dagar før foreldresamtalen. Les kommentarane saman med eleven, slik at de kjem førebudde til samtalen.

Bruk gjerne nokre minutt til å bli kjent inne på VISMA flyt.
Her kan du som føresett følgja med på fråver, merknad, karakterar, uformell vurdering og kontaktopplysningar. Dersom du ikkje kjem inn, kan årsaka vera at me ikkje kjenner personnummeret ditt. I så fall treng me dokumentasjon på det.
Lenke til VISMA Flyt ligg og på framsida på nettsida til skulen.

Vi har fått beskjed frå Kolumbus om at elevane ikkje har lov til å eta i skulebussen.