Meny
Velg seksjon Forside
Fjelltunvegen 37 4103 Jørpeland
Telefon: 45613117 Send oss e-post
Redaktør: Ragnhild Sandvik
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2024><<
mai 2024
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Konsekvensar i vidaregåande skule av val av 2. framandspråk i ungdomsskulen

På ungdomsskulen skal alle elevane ha eit 2. framandspråk (tysk, fransk eller spansk), engelsk fordjuping eller arbeidslivsfag. Skal du gå på eit studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande skule, bør du ha 2. framandspråk. Dersom du skal gå på yrkesfagleg utdanningsprogram i vidaregåande, har det ikkje noko å seia kva du vel.

Det er 13 utdanningsprogram i den vidaregåande skulen. Kvar elev kan kun gå på eitt av desse. Fem av desse er studieførebuande. Det er studiespesialisering, musikk/dans/drama, idrettsfag, medier og kommunikasjon og det nye programmet kunst, design og arkitektur. Her skal ein gå tre år på vidaregåande skule, og for å få bli ferdig med utdanninga, må ein gå vidare minst tre år til på høgskule/universitet.

Dei åtte andre utdanningsprogramma er yrkesretta, det vil sei at ein går to år på skule med mindre teorifag enn på ungdomsskulen, og deretter to år i lære i bedrift før ein får eit fagbrev. For å finna meir ut om desse 13 utdanningsprogramma, gå inn på www.vilbli.no.

Når ein vel eit av desse åtte yrkesretta utdanningsprogramma, skal ein ikkje ha 2. framandspråk (tysk, fransk eller spansk), og det betyr ikkje noko kva ein har hatt i ungdomsskulen.

Dersom ein vil gå på eit av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma (studiespesialisering, musikk/dans/drama, idrettsfag, medier og kommunikasjon eller kunst, design og arkitektur) må ein her ha eit 2. framandspråk. Har ein då hatt dette i tre år på ungdomsskulen, fortset ein med dette i to år til.

Dersom ein ikkje har hatt 2. framandspråk i ungdomsskulen men heller engelsk fordjuping eller arbeidslivsfag, men likevel vil gå på eit studieførebuande utdanningsprogram, er det to forhold ein må vera klar over:

1. Ein må ha nybegynnarspråk (nivå 1) og ha 2. framandspråk over tre år. Ein mister andre fag ein sjølv kunne valt det tredje året. Dette får ulike konsekvensar alt etter kva utdanningsprogram ein vel i vgs.

2. Skular som har studieførebuande utdanningsprogram tilbyr både tysk, fransk og spansk på nivå 2, men på nivå 1 tilbyr dei fleste skulane berre eitt språk. Dette er oftast tysk. Nokre skular tilbyr ikkje nivå 1 i det heile - som Hetland vgs, St.Olav, Stavanger Katedralskole. Bortval av 2. framandspråk i ungdomsskule vil for dei som søkjer studieførebuande utdanningsprogram vera avgjerande for kva vidaregåande skular ein kan søkje. Strand vgs tilbyr tysk på nivå 1.

Les om dei ulike språka www.sprakval.no.