Meny
Velg seksjon Yrke og utdanning
Fjelltunvegen 37 4103 Jørpeland
Telefon: 51742630 Send oss e-post
Redaktør: Ragnhild Sandvik

Dersom ein går eitt av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma (studiespesialisering, idrettsfag, musikk-dans-drama, medier og kommunikasjon eller kunst, design og arkitektur) eller tar påbygg, vil ein få generell studiekompetanse. Då kan ein konkurrera seg inn med karakterane sine frå vgs på dei fleste studier. Du kan òg få generell studiekompetanse ved å ta påbygg etter to år på yrkesfag eller etter at du har tatt fagbrev.

Nokre studier krev at ein har spesiell studiekompetanse. Dette gjeld f.eks. ingenør, økonom, lege og dyrlege. Spesiell studiekompetanse er mykje forskjellig alt etter kva studie det er snakk om, men i mange tilfeller handlar det om at ein må ha ekstra matematikk og eit eller fleire naturfag (fysikk, kjemi, biologi). Dette får ein enklast og sikrast ved å gå på utdanningsprogrammet studiespesialisering, der du i løpet av 2. og 3. klasse til saman skal velje seks eller sju programfag sjølv.

 


Inntaket til vidaregåande skule baserer seg på karakterane elevane har til sommaren i 10. klasse. Dersom det er stor søknad til eit spesielt utdanningsprogam, oppretter dei kanskje ekstra klasser, medan dårleg søkning kan føra til nedlegging av klassar.

På denne måten prøver Rogaland fylkeskommune, som eig dei vidaregåande skulane, å gjera det slik at flest mogleg elevar får førstevalet sitt.

Når det ikkje går, er det karakterane som gjeld dersom det er oversøkning til eit utdanningsprogram eller ein skule.

Private skular nyttar julekarakterane i inntaket.


På ungdomsskulen skal alle elevane ha eit 2. framandspråk (tysk, fransk eller spansk), engelsk fordjuping eller arbeidslivsfag. Skal du gå på eit studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande skule, bør du ha 2. framandspråk. Dersom du skal gå på yrkesfagleg utdanningsprogram i vidaregåande, har det ikkje noko å seia kva du vel.

 www.vilbli.no 

Full oversikt over tilbodet i den vidaregåande skulen i Rogaland og resten av landet. Ei stor og god nettside som me brukar aktivt.

 

www.utdanning.no

Dette er ei svært god side som dekker både vidaregåande skule, høgskule og universitet i tillegg til over 500 ulike yrker. Her finn du det meste.

www.vigo.no

Her søkjer du på vidaregåande skule. Det skjer i januar/februar. Her må ein nytte pin-kodar ein får i posten i januar frå MinID.