Meny
Velg seksjon Forside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Sam Eydesgate 236 3660 Rjukan
Telefon: 35082710 Send oss e-post
Redaktør: Arne Persson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vurdering.

Vurdering i grunnskolen

Forskrift til opplæringslova (Det som gjelder grunnskolen er tatt med)

§ 3-1.Rett til vurdering

Elevar i offentleg grunnskoleopplæring  har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa.

Det skal vere kjent for eleven kva som er måla for opplæringa og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse. Det skal og være kjent for eleven kva som er grunnlaget for vurdering og kva som blir vektlagt i vurdering i orden og åtferd.

Skoleeigar har ansvaret for at eleven, lærlingen eller lærekandidaten sin rett til vurdering blir oppfylt, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd.

§ 3-2.Formålet med vurdering

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane.

Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd.

§ 3-3.Grunnlaget for vurdering i fag

Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i læreplanverket, jf. § 1-1 eller § 1-3.

Føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen og åtferda til eleven skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i fag. I faget kroppsøving skal innsatsen til eleven vere ein del av grunnlaget for vurdering.

Eleven skal møte fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag til å vurdere eleven sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter.

§ 3-4.Karakterar i fag mv.

Frå 8. årstrinn skal vurdering også givast med talkarakterar. Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.

Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:

a) karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget  

b) karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget  

c) karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget  

d) karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget  

e) karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget  

f) karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.

Det går fram av læreplanverket at det i enkelte fag skal brukast andre uttrykk enn talkarakterar. Dei andre uttrykka er

a) bestått/ikkje bestått: for å få karakteren bestått skal eleven ha vist tilfredsstillande kompetanse i faget  

b) delteke/ikkje delteke.  

§ 3-5.Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.

Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.

Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.

Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.

I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd.  

§ 3-6.Karakterar i orden og i åtferd

Frå 8. årstrinnet skal vurdering i orden og i åtferd givast med karakterar. I orden og i åtferd skal då desse karakterane nyttast:

a) God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd  

b) Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd  

c) Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.  

§ 3-7.Varsling

Eleven og foreldra skal varslast skriftleg dersom det er tvil om eleven kan få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag.

Eleven og foreldra skal også varslast skriftleg dersom det er fare for at eleven i halvårsvurdering med karakter eller i standpunktkarakter kan få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i åtferd.

Varselet skal givast utan ugrunna opphald. Varselet skal gi eleven høve til å skaffe grunnlag for halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter, eller gi eleven høve til å forbetre karakteren i orden eller åtferd.  

§ 3-8.Dialog om anna utvikling

Eleven ha rett til jamleg dialog med kontaktlæraren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.  

§ 3-11.Undervegsvurdering

Undervegsvurdering i fag skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven aukar kompetansen sin i fag. Undervegsvurderinga i fag, i orden og i åtferd skal givast løpande og systematisk og kan vere både munnleg og skriftleg.

Undervegsvurderinga skal innehalde informasjon om kompetansen til eleven og gi rettleiing om korleis ho eller han kan utvikle kompetansen sin i faget.

Eleven har minst éin gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren  om utviklinga si i forhold til kompetansemåla i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter, jf. § 3-13 og i samband med samtalen med foreldra etter § 20-3 og § 20-4.

Læraren skal i undervegsvurderinga vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 5-1 og § 5-4.

Elevar med individuell opplæringsplan skal både ha undervegsvurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 5-5 første ledd.  

§ 3-12.Eigenvurdering

Eigenvurderinga er ein del av undervegsvurderinga, og formålet med eigenvurderinga er at eleven reflekterer over og blir bevisst på eiga læring. Eleven skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling.  

§ 3-13.Halvårsvurdering i fag for elevar

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga og skal syne kompetansen til eleven opp mot kompetansemåla i læreplanen for faget. Ho skal også gi rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen sin i faget.

Det skal givast skriftleg og/eller munnleg halvårsvurdering utan karakter gjennom heile grunnopplæringa.

Frå 8. årstrinnet skal eleven i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal gi uttrykk for den kompetansen eleven har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Halvårsvurdering med karakter skal givast skriftleg.

Halvårsvurderinga skal frå 8. årstrinnet gjennomførast midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta, jf. læreplanverket.

Rektor har ansvaret for at faglæraren gjennomfører halvårsvurdering med og utan karakter. Dersom rektor er i tvil om reglane for halvårsvurdering er følgde, kan rektor be om ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette.  

§ 3-15.Halvårsvurdering i orden og i åtferd for elevar

Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Det skal givast halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd i heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinnet skal det også givast halvårsvurdering med karakter i orden og i åtferd. Halvårsvurdering med karakter skal fastsetjast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årstrinnet og ved slutten av opplæringsåret på 8. og 9. årstrinnet. Halvårsvurdering med karakter skal givast skriftleg.

Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.  

§ 3-16.Samanhengen mellom undervegsvurderinga og standpunktkarakteren i fag

Undervegsvurderinga skal fremje læring og gi eleven høve til å forbetre kompetansen sin gjennom opplæringstida i faget. Den kompetansen eleven har vist undervegs i opplæringa er ein del av grunnlaget for vurderinga når standpunktkarakteren i fag skal fastsetjast, jf. § 3-3 og § 3-18.  

III. Sluttvurdering

§ 3-17.Sluttvurdering i fag

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven  ved avslutninga av opplæringa i fag i læreplanverket, jf. § 3-3.

Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar er enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i kapittel 5.

Elevar i grunnopplæringa som har individuell opplæringsplan, skal vurderast etter dei samla kompetansemåla i læreplanen for faget, jf. § 3-3.