Meny
Velg seksjon Forside
Tjensvollveien 54 Postadr: Tjensvoll skole, Postboks 8069, 4068 Stavanger
Telefon: 51 83 91 00 Faks: 51 83 91 10 Send oss e-post
Redaktør: Anita Legland
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
http://www.udir.no/Laringsmiljo/Bedre-laringsmiljo/Hjem-skole-samarbeid/filmer-om-hjem-skole-samarbeid/film-nar-barnet-har-det-vanskelig/ Ingen lenker i samlingen
Vigilo er teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule

Frå mai 2023 blei Vigilo teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule på alle kommunale barneskular i Stavanger kommune. Foreldre med barn på barneskular kan kommunisera med skulen gjennom Vigilo foreldreportal i nettlesar, eller Vigilo app til smarttelefon og nettbrett.  

Tidlegare har kommunikasjon gått i ulike kanalar, blant anna ranselspost, e-post og SMS. Når me no har gått over til Vigilo sin kommunikasjonsmodul betyr det ein tryggare og meir effektiv måte å kommunisera på, for både foreldre og tilsette ved skulen.    

Kva bruker me Vigilo til?  
Vigilo blir brukt til å dela praktisk informasjon mellom deg og skulen. Du brukar Vigilo for å senda meldingar til skulen, melda fråvær og for å få tilgang til innhald publisert av skulen. Skulen vil tilsvarande senda meldingar og publisera informasjon til deg i Vigilo.  
Sensitiv informasjon skal ikkje delast med skulen via Vigilo. Døme på dette er opplysningar om helse, religion, mobbesaker og personleg økonomi. For slike førespurnader kan du senda ei melding til lærar i Vigilo for å avtala eit møte, eller ringja skulen.  

For meir informasjon om korleis kommunen behandlar personopplysningar og rettane dine, sjå Stavanger kommunes nettside.   

Korleis komma i gang?  
Du kan logga inn i Vigilo foreldreportal i nettlesar på PC, Chromebook eller nettbrett. Du kan også lasta ned Vigilo sin app til smarttelefon eller nettbrett gratis frå App Store eller Google Play. 

I Vigilo app får du tilgang til å sjå nyheiter, senda meldingar og melda fråvær. Dersom du har fleire barn i skulen, vel du barn øvst i biletet.   
I foreldreportalen i nettlesar får du i tillegg tilgang til fråværsoversikt, påmeldingar, søknader, innsyn i timeplanen til barnet, registreringar i orden og åtferd, og karakterar. Foreldre kan sjå eige profilkort ved å klikka på namnet sitt øvst i høgre hjørne.  

Kven har tilgang?  
Foreldre med foreldrerett i Folkeregisteret kan sjå eigne barn i Vigilo. Fosterforeldre blir også gitt tilgang. Du kan kontrollera og endra opplysningane dine i folkeregisteret her:  
https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/endre/ 

Foreldresine mobilnummer og e-post blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). Verken skulen eller kommunen sentralt kan endra desse opplysningane for deg. Du må derfor sjølv kontrollera og endra opplysningane dine her:  

https://www.norge.no/nb/digital-borgar/oppdater-kontaktinformasjon

Treng du hjelp?  
Ta kontakt med skulen om du har spørsmål eller tilbakemeldingar om Vigilo.       
Sjå også Vigilo hjelpesenter: https://vigilo.no/hjelpesenter/