Meny
Her finn du trinna Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Nye 8. trinn
Besøksadresse Nordlysvegen 10 4340 BRYNE Telefon: 51 77 60 70
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Send e-post til oss
Redaktør: Eirik Jåtten
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Informasjon om elev til andre enn foreldra

Som regel har begge foreldra rett til informasjon om barnet frå skulen. Mange foreldre er flinke til å informera kvarandre. Foreldre med felles eller delt foreldreansvar har lik rett til opplysningar om barnet frå skulen, men dei har ikkje rett til opplysningar om den andre forelderen eller familiemedlemmer.

Informasjon om eleven til ny sambuar/ ektefelle
Ny sambuar/ ektefelle har ingen formell foreldrerolle ovanfor eleven, og har dermed ikkje automatisk rett til opplysningar om eleven. Skulen kan ikkje gje taushetsbelagt informasjon til ny sambuar/ ektefelle utan at det er gitt samtykke til dette. Skulen sin taushetsplikt er avgrensa til opplysningar om personlege forhold, og skulen kan difor utan samtykke gje informasjon til andre om generelle og praktiske ting, slik som aktivitetar, rutinar, klede og anna.
Viss derimot andre enn foreldra skal få personopplysningar om eleven, delta på utviklingssamtalar og stilla på foreldremøter m.m., må ein innhente samtykke frå begge foreldra når barnet bur fast hjå begge.

Informasjon ved felles foreldreansvar
Begge foreldra har rett til same informasjon frå skulen om barnets skulegang. I hovudsak skal den av foreldra barnet bur fast hjå få informasjonen. Den av foreldra som barnet ikkje bur hjå, kan henvenda seg til skulen og be om å få informasjon direkte til seg.

Informasjon der det ikkje er felles foreldreansvar
Den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvaret, har og rett til informasjon om barnets skulegang, men kan ikkje krevje å bli kalla inn eller få delta i utviklingssamtalar.
Begge foreldra kan logge seg inn på VismaFlyt skule og finne informasjon om eleven: fråvær, merknader, karakterar m.m.

Utviklingssamtalar
Begge foreldra kan møte til utviklingssamtalar, foreldremøter og liknande ved felles foreldreansvar. Dei kan imidlertid ikkje krevje å få separate utviklingssamtalar. Skulen er plikta til å gje minst to samtalar i året til foreldra sett under eitt. I praksis kan foreldra avtala seg i mellom om å bruke kvar sin utviklingssamtale. I tilfeller der berre den eine av foreldra møter til samtalen, har ikkje skulen plikt til å sende notat frå samtalen til den andre av foreldra.

Henta frå Fug.no
https://www.fug.no/hvilken-informasjon-har-foreldre-krav-paa.468246.no.html