Meny
Her finn du trinna Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Nye 8. trinn
Besøksadresse Nordlysvegen 10 4340 BRYNE Telefon: 51 77 60 70
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Send e-post til oss
Redaktør: Eirik Jåtten
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Informasjon om verktøyet Klassetrivsel

Skulen har plikt til å følgje med på at elevane har eit trygt og godt skulemiljø og at elevane trivst på skulen, jf. Kapittel 9A i opplæringslova. For å sikra dette, brukar skulen ulike verktøy og metodar. Dette er til dømes observasjon, elevsamtalar, dialog med føresette, logg, anonyme spørjeundersøkingar og ikkje-anonyme spørjeundersøkingar. Klassetrivsel er eit verktøy for ikkje-anonyme spørjeundersøkingar der ein undersøker elevane sin trivsel.

Om Klassetrivsel:

I Klassetrivsel finst det ein del ferdige spørjingar som læraren kan bruke. Læraren kan og lage eigne spørsmål. Spørsmåla er positivt formulert og legg vekt på eleven si meining og oppleving. Ved bruk av Klassetrivsel har skulen ein ekstra moglegheit til å sikra at eleven sin stemme blir høyrd. Elevane har ikkje moglegheit til å utpeika eller omtale andre elevar på ein negativ måte i undersøkingane. Verktøyet har tale og biletstøtte for de yngste elevene, og for dei som har behov for tilrettelegging.

Formålet ved bruk av undersøkingane er å sikra at elevane trivst og har det trygt og godt på skulen. Når lærarane får informasjon om korleis eleven opplever ulike situasjonar på skulen og relasjonar til andre, kan ein setja i verk tiltak for å betra eleven sin trivsel eller miljøet i ei elevgruppe.

Skulen nyttar verktøyet Klassetrivsel som eit supplement til andre verktøy. Det er difor ikkje sett opp krav til fast gjennomføring av utvalde spørjingar. Skulen og lærarane vil velja undersøkingar og frekvens etter behov. Meir info om Klassetrivsel: https://klassetrivsel.no/

GDPR og datasikkerheit:
Eleven har et eige brukarnamn i løysinga. Det blir generert passord for kvar ny undersøking. Resultata frå undersøkingane blir lagra i 36 mnd. Informasjon overførast ikkje mellom skuleslag t.d. frå barneskule til ungdomsskule. Lagringstida er valt for å kunne følgja utviklinga i ei gruppe over tid. På den måten kan skulen sjå om tiltak som blir sett inn har effekt. Det er berre dei tilsette ved den enkelte skule som har tilgang til tenesta. Lærarane har berre tilgang til informasjon om sine elevar.

Lagring av data er i tråd med gjeldande lovverk for datasikkerheit. Time kommune har databehandlaravtale med leverandør av Klassetrivsel. For meir informasjon: https://klassetrivsel.no/dataetikk/
Føresette kan be om at deira barn ikkje skal vera med på undersøkingar med Klassetrivsel. Då tek ein kontakt med kontaktlærar. Føresette kan og be om innsyn i svara deira barn har gitt, og få sletta informasjon knytt til deira barn.