Meny
Her finn du trinna Nye 8. trinn Nye elevar
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Nye 8. trinn
Besøksadresse Nordlysvegen 10 4340 BRYNE Telefon: 51 77 60 70
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Send e-post til oss
Redaktør: Eirik Jåtten

Me vil ønskje alle elevar velkommen tilbake til nytt skuleår. 

Skulestart er torsdag 14. august. 

Kl. 08:15 møter 9. og 10. trinn i aula
Kl. 08:30 møter 8. trinn i aula for kort velkomst og opprop i klasser. 

Me vil og minne om reglar for mobil på skulen og det er fint om de heime snakker med elevane om dette. Ordensreglar og mobilreglar finn de her.  

For dei som skal ta buss frå Orre vil det, som i fjor, vere ein buss som går om Roslandsvegen og ein som går om Grødelandsvegen. Dersom du lurer på kor tid den går, er det eit godt tips å bruke Kolumbus sin reiseplanlegger. Ellers finn de meir informasjon om skyss i menyen. Nye skysselevar vil få utdelt busskort fyrste skuledag. 

Me gler oss til å sjå dykk igjen! 


Me vil ønskje alle våre elevar ein riktig god og velfortent sommarferie! 

Skuleruta for neste skuleår finn de til høgre i margen og oppstart etter ferien er torsdag 14. august. 


Vedlagt finn presentasjonen som vart vist på foreldremøtet, i tillegg til klasselistene. 

Måndag 16. juni kl. 18:30 blir det foreldremøte for nye 8. trinn i aulaen på Vardheia ungdomsskule. Klasselister blir presentert på foreldremøtet. 

Dagen etter, tysdag 17. juni, blir det besøksdag for elevane der dei treff klassen sin og me har omvisning på skulen. Dette skjer i skuletida. 

Me gler oss til ny oppstart og til å møta borna dykkar.