Meny
Her finn du trinna Klasse 10 10
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Nye 8. trinn
Besøksadresse Nordlysvegen 10 4340 BRYNE Telefon: 51 77 60 70
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Send e-post til oss
Redaktør: Eirik Jåtten

Me vil ønskje alle elevar velkommen tilbake til nytt skuleår. 

Skulestart er torsdag 14. august. 

Kl. 08:15 møter 9. og 10. trinn i aula
Kl. 08:30 møter 8. trinn i aula for kort velkomst og opprop i klasser. 

Me vil og minne om reglar for mobil på skulen og det er fint om de heime snakker med elevane om dette. Ordensreglar og mobilreglar finn de her.  

For dei som skal ta buss frå Orre vil det, som i fjor, vere ein buss som går om Roslandsvegen og ein som går om Grødelandsvegen. Dersom du lurer på kor tid den går, er det eit godt tips å bruke Kolumbus sin reiseplanlegger. Ellers finn de meir informasjon om skyss i menyen. Nye skysselevar vil få utdelt busskort fyrste skuledag. 

Me gler oss til å sjå dykk igjen! 


Kantina må vaskast ned før sommarferien og den er derfor stengt den siste veka. 

Hugs å ta med matpakke og drikkeflaske! 


Dato for vitnemålsutdeling for 10. trinn er torsdag 19. juni kl. 18. 

Invitasjon med program og påmelding kjem snart. 


Vardheia ungdomsskule oppmodar sterkt at alle elevane stiller i barnetoget på 17. mai for å feire saman med resten av skulen og Bryne.

Det er oppmøte på Bryne stadion kl. 0900. Toget går kl. 0930. Meir informasjon finn de her.

Ta med deg flagget og møt opp i finstasen!