Meny
Her finn du trinna Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Nye 8. trinn
Besøksadresse Nordlysvegen 10 4340 BRYNE Telefon: 51 77 60 70
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Send e-post til oss
Redaktør: Eirik Jåtten
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2024><<
juni 2024
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
01020304050607
Standpunkt, klarerett og fråver

Klage på vurdering er regulert i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova. Elevar og føresette kan klaga på standpunktkarakterane på avgangsfag.
På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår. I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. 

Klagerett på standpunktkarakter:
- Elevar og/eller foreldre kan klaga.
- Klagefristen tek til frå den tida ein kunne ha gjort seg kjend med karakteren, og er 10 dagar.
- Klageinstans (Statsforvaltaren i Rogaland) vurderer om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde.
- Ved medhald i klagen gjennomfører rektor og faglæraren ei ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Avgjerda kan ikkje klagast på. (Gjeld ikkje orden/åtferd, der avgjer Statsforvaltaren). 

Om du ønskjer å klage:
1. Rådfør deg med faglærar og få grunngiving for karakteren så sant det er mogleg, før du klagar på standpunkt- eller eksamenskarakterar.
2. Klagen må vere skriftleg, og den må ha med privatadressa di. Klagen må vere signert.
3. I klagen må det koma fram kva ein klagar på, og klagen bør innehalda informasjon og grunngjeving for klagen.
4. Klagen skal leverast til rektor (skulen).
5. Om du klagar, skal du vere merksam på at klagebehandlinga kan føre til at karakteren blir ståande, at karakteren blir sett opp, eller at karakteren blir sett ned. 

Her er to aktuelle lenker frå udir.no: Korleis kan eleven og foreldra klage? Standpunktvurdering

Eksamen:
I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. Les meir om det her: udir/eksamen

Fråver:
- Elevar kan krevja sletting av inntil 10 dagar fråver kvart opplæringsår.
- Her er lenke til Udir for kva som gjeld ved eventuell sletting av fråver.
- Viss ein ønskjer å krevja sletting av fråver, send dette på mail til rektor (eirik.jatten@time.kommune.no). Frist er 12. juni.