Om skulen

Vardheia ungdomsskule er ein grunnskule for 8.-10. trinn med elevar frå Klepp kommune og Time kommune. Me har i overkant av 370 elevar. Elevane kjem frå fire barneskulekretsar: Orre, Tu, Rosseland og Bryne. Me har fire og fem parallellar på 8., 9. og 10. trinn.

Skulen er bygd for praktisk og skapande arbeid med kreative soner og  lokalitetar for ulike arbeidslivsfag med inspirasjon frå vidaregåande skule, samt eige kreaktivt rom for spelbasert læring. 

Me tilbyr tysk, fransk og spansk som 2. framandspråk, og arbeidslivsfag som alternativ til desse. Me har også mange ulike valfag. Desse kan variere alt etter elevane sin ønskjer, men gjengangarar er fysisk aktivitet og helse, trafikk (9/10.trinn), friluftsliv, medier og kommunikasjon, programmering, innsats for andre, produksjon for scene, praktisk håndverksfag og design og redesign.

Alle elevane har læringsbrett (iPad) som verktøy. Lærarar og elevar brukar Showbie som plattform for alt arbeidet dei skal gjera. Her får elevane planane sine og arbeidet dei skal gjera. Dei skal også levera arbeid dei gjer på skulen og heime inn på Showbie. Me anbefaler at føresette abonnerer på nyheiter frå heimesida for å få med seg informasjon som blir lagt ut. 

Me har ei stor, flott kantine der elevane kan kjøpa alt frå osteskiver og yoghurt til varmretter som komle og tomatsuppe. Menyen varierer veke for veke. Her kan de lese meir om kantina.