Opplæringsforskriften §9-44 seier at det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet frå og med 8. klasse.
Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at opp til 10 fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet, dersom:
a. lengre fråvær som er skulda helsegrunnar, der det blir framlagt legeattest. Fråværet frå og med 4. dagen kan trekkast frå.
b. eleven har fått godkjent permisjon etter opplæringslova § 2-2 fjerde ledd.
Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.
Ta kontakt med konsulent dersom det er aktuelt å søke om fråtrekk.