Bilde av Erasmus logo

Erasmus +

Erasmus+ er verdas største utdanningsprogram med eit budsjett på over 26 milliarder Euro for perioden 2021-2027. Programmet handler om læring og personleg utvikling. Elevane får erfaring med å samarbeide med ungdom frå andre land, noko som gjer verdifull, interkulturell kompetanse. Erasmus+ legg stor vekt på at alle skal ha like moglegheiter til å delta. Programmet bidrar til å fremme openheit og toleranse og er fullfinansiert. 

Dei ulike Erasmus-stega: 

I eTwinning møtes elevar og lærarar i eit sikkert, digitale rom kalla "TwinSpace". Her kan dei dele bilete, dokument og samarbeide om felles oppgåver. 

Erasmus+ Mobility Projects sender enkeltpersonar eller grupper til andre land for personleg og fagleg utvikling. Deltakarane får ny kunnskap, forbetrer språkkunskapene sine og auker kulturforståing. 

I Erasmus+ KA2 samarbeider to eller fleire organisasjonar frå ulike land om felles prosjekt over ein lenger periode (typisk 3-5 år). Målet her er å skape varige, innovative resultat som andre kan dra nytte av.