Elevar som bur meir enn 4 kilometer frå skulen har rett til gratis skyss. Dei elevane som skal begynne på Vardheia ungdomsskule og har krav på skyss på grunn av avstand, treng ikkje søke skulen om skyss. Elevane vil få utdelt busskort fyrste skuledag.
Bussane som køyrer til Vardheia er SK2006 (som begynner frå Salte, via Orre skule) og SK2008. Det køyrer ein buss om Grødelandsvegen og ein om Roslandsvegen.
Dersom eleven har delt bustad, kan de søke om skyss. For å få innvilga skyss, er det visse vilkår som må oppfyllast. Ta kontakt med saksbehandlar på skulen for å få søknadsskjema. Det er Kolumbus som behandlar og svarer på søknaden.
Ved varig eller midlertidig sykdom eller funksjonshemning kontaktes elevens skole, som bestiller nødvendig skyss. Skyss som bestilles direkte fra transportør, dekkes ikke. Ved søknad om varig eller midlertidig tilrettelagt skoleskyss, skal legeerklæring/sakkyndig vurdering om skyssbehovet leveres med søknaden. Dersom det blir vurdert slik at det er medisinske årsaker til at eleven må transporteres med taxi, må dette grunngis særskilt.
Det er viktig å merke seg at på skulevegen til og frå skulen gjeld vanlege trafikkreglar. Dei som sykler må nytta hjelm og dei som sparker er oppfordra til å ha hjelm. For dei som tek skulebuss er det viktig å halda reglane for av- og påstigning, samt at dei nyttar setebelte.
Inne på Reiseplanlegger til Kolumbus, kan de søke på rutetid og kart over kor bussen køyrer.