Klage på vurdering er regulert i kapittel 10 i forskrift til opplæringslova. Elevar og føresette kan klaga på fastsettelsen av standpunktkarakterane på avgangsfag.
På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår. I 10. trinn har ein og klagerett på den skriftlege eksamenskarakteren.
Klagerett på fastsetjing av standpunktkarakter:
- Elevar over 15 år og/eller foreldre kan klaga.
- Klagefristen tek til frå den tida ein kunne ha gjort seg kjend med karakteren, og er 10 dagar.
- Klageinstans (Statsforvaltaren i Rogaland) vurderer om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde.
- Ved medhald i klagen gjennomfører rektor og faglæraren ei ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Avgjerda kan ikkje klagast på. (Gjeld ikkje orden/åtferd, der avgjer Statsforvaltaren).
Om du ønskjer å klage:
1. Rådfør deg med faglærar og få grunngiving for karakteren så sant det er mogleg, før du klagar på standpunkt- eller eksamenskarakterar.
2. Klagen må vere skriftleg, og den må ha med privatadressa di. Klagen må vere signert.
3. I klagen må det koma fram kva ein klagar på, og klagen bør innehalda informasjon og grunngjeving for klagen.
4. Klagen skal leverast/sendast til rektor (eirik.jatten@time.kommune.no).
5. Om du klagar, skal du vere merksam på at klagebehandlinga kan føre til at karakteren blir ståande, at karakteren blir sett opp, eller at karakteren blir sett ned.
Eksamen:
I 10. trinn har ein og klagerett på den skriftlege eksamenskarakteren.På den munnlege eksamenen kan ein klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet, ikkje på karakteren. De finn meir informasjon i lenkjene under.