Me vil ønskje alle elevar velkommen tilbake til nytt skuleår.
Skulestart er torsdag 14. august.
Kl. 08:15 møter 9. og 10. trinn i aula
Kl. 08:30 møter 8. trinn i aula for kort velkomst og opprop i klasser.
Me vil og minne om reglar for mobil på skulen og det er fint om de heime snakker med elevane om dette. Ordensreglar og mobilreglar finn de her.
For dei som skal ta buss frå Orre vil det, som i fjor, vere ein buss som går om Roslandsvegen og ein som går om Grødelandsvegen. Dersom du lurer på kor tid den går, er det eit godt tips å bruke Kolumbus sin reiseplanlegger. Ellers finn de meir informasjon om skyss i menyen. Nye skysselevar vil få utdelt busskort fyrste skuledag.
Me gler oss til å sjå dykk igjen!