Publisert: 09. januar 2026 | Sist endra: 09. januar 2026 | Forfatter: Gro Hennestad Skjevrak
Vinterball 2026
Torsdag 22. januar 2026 kl. 19:00-22:30 blir det vinterball for alle elevane på Vardheia ungdomsskule. Ballet skal vere i Vardheihallen.
Alle får pizza og brus. Kiosken vil vere open og betaling er med kantinekortet.
Det blir dansing, konkurransar, kåringar og loddtrekning. Alle får eit lodd kvar ved inngangen.
Kleskoden er finklær. Bruk noko av det du allereie har, men helst ikkje joggebukse og hettegenser.
For å melde seg på betaler de kr. 175,- til FAU sin vipps: 807171 og merker betaling med namn på elev og klasse. Frist for påmelding er 16. januar.