Publisert: 13. februar 2026 | Sist endra: 13. februar 2026 | Forfatter: Gro Hennestad Skjevrak

Informasjon om eksamen 10. trinn våren 2026

Skriftleg eksamen:
Elevane får vite kva fag dei kjem opp i 13. mai klokka 09.00.

Utifrå kva fag dei kjem opp i (kvar klasse kjem opp i eit fag kvar) er det følgande datoar som gjeld:
20. mai eksamen engelsk
21. mai eksamen norsk hovudmål
22. mai eksamen norsk sidemål
26. mai eksamen matematikk

Her kan du lese meir om eksamen på Udir sine sider: Eksamen (udir)

Munnleg eksamen:
03. juni kl 09.00: Elevane får informasjon om kva fag dei kjem opp i.
04. juni: Førebuingsdag på skulen, samt rettleiing med faglærar.
05. juni: Eksamensdag (elevane får tidspunkt for eksaminasjon på førebuingsdagen).

Særskild tilrettelegging på eksamen:
I følge Udir skal: «Elever med behov for særskilt tilrettelegging av eksamen (..) få lagt forholdene til rette slik at de kan få vist kompetansen sin ut fra kompetansemålene i fag i læreplanverket, se forskrift til opplæringsloven § 3-29.» Les meir om særskild tilrettelegging: her
Viss ditt barn har behov for særskild tilrettelegging på eksamen må de søkje om dette til rektor innan 1.mai. Hugs å få med kven og kvifor, og dokumentasjon om du har.