Publisert: 11. august 2026 | Sist endra: 11. august 2026 | Forfatter: Gro Hennestad Skjevrak
Velkommen til nytt skuleår
Me vil ønskje alle elevar velkommen tilbake til nytt skuleår.
Kl. 08:15 samles 9. og 10. trinn i
aula
Kl. 08:30 samles 8. trinn i aula
for kort velkomst og opprop i klasser.
Me vil og minne om reglar for mobil på skulen og det er fint om de heime snakkar med elevane om dette. Ordensreglar finn de her: Ordensreglar. 📵
For dei som skal ta buss frå Orre vil det vere ein buss som går om Roslandsvegen og ein som går om Grødelandsvegen. Dersom de lurer på kor tid den går, er det eit godt tips å bruke Kolumbus sin reiseplanleggar. Elles finn de informasjon om skyss i menyen. Nye elevar får utdelt busskort fyrste skuledag. Hugs at det er påbudt å bruke bilbelte på bussen! 🚌
Me gler oss til å sjå dykk igjen! 🌸