Opplæringslova §12 Skulemiljø til elevane
I Time kommune vil me at alle elevane har eit trygt og godt skulemiljø og at elevane trivst på skulen, jf. Kapittel 12-4 i opplæringslova. Me vil at alle våre elevar skal oppleva ein inkluderande, trygg og god skulekvardag. Alle som arbeidar ved skulen har plikt til å følga med på at elevane har det bra, og vi skal gripa inn om noko ikkje er greitt.
Om de opplever dykkar barn ikkje har det trygt og godt, vil me at de skal gje beskjed til oss på skulen. Dette gjeld og om de er usikker på om eleven dykkar har det bra på skulen.
De kan gje beskjed ved å:
- ta kontakt med kontaktlærar via app, mail eller på telefon
- ta kontakt med ein i leiinga ved skulen
- ring skulen på telefonnr. 51 77 60 70
- trykk på mobbeknappen på skulen si heimeside (Då går ein mail direkte til rektor)
Når skulen har fått beskjed om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, vil me undersøke saka, vera i dialog med eleven og føresette og følgje opp saka. Dette skal me gjera så raskt som mogleg og innan det har gått ei veke. Om de opplever at me ikkje gjer nok, eller at ting tar for lang tid når de gjer beskjed, kan de klage til Statsforvaltaren i Rogaland. Ved å følgje lenkja under får de informasjon om korleis de går fram om de vil klaga.
For å sikra eit trygt og godt skulemiljø, brukar skulen ulike verktøy og metodar. Dette er til dømes observasjon, elevsamtalar, dialog med føresette, logg, anonyme spørjeundersøkingar og ikkje-anonyme spørjeundersøkingar. I Time kommune vil vi at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø.
Klassetrivsel
Klassetrivsel er eit verktøy for ikkje-anonyme spørjeundersøkingar der ein undersøker elevane sin trivsel.
Olweus
Alle skulane i kommunen arbeider etter Olweusprogrammet, som er eit antimobbeprogram for å sikra eit trygt og godt psykososialt læringsmiljø.