På Bryne skule har me ipad som digitalt hjelpemiddel. Digital kompetanse er ein av dei grunnleggande ferdigheitene elevane våre skal ha, og me startar dette arbeidet allereie i 1.trinn.
Det er pedagogane som avgjer når ipaden skal nyttast og ikkje. Elevane si læring er i fokus, og dersom det er meir formålstjeneleg å nytta ipad, gjer dei det, men dersom det ikkje er, ligg ipaden i sekken. Mengden ipad-bruk er større jo høgare opp elevane kjem på trinn. Fleire av kompetansemåla på 7.trinn treng ipad enn etter 2.trinn og 4.trinn. Likevel nyttar heller ikkje dei eldste elevane ipad heile tida.
Time kommune sine heimesider om teknologi i skulen
I Timeskulen bruker me lærebrett som verktøy for læring. Dette betyr at kvar elev får tildelt ein iPad med tastatur som dei skal bruka som sitt arbeidsverktøy i opplæringa på skulen, og i arbeid med leksene heime. Som del av at kvar elev får ein iPad til utlån er det utforma kriterium som elevane må forhalda seg til. For å sikra at informasjon er motteke må dette skrivet godkjennast for at elevane skal kunna ta med seg iPaden heim frå skulen.
Administrering og sikkerheit knytt til personvern
Eleven sin brukar og Ipaden er administrert av kommunen. Brukaren inneheldt ikkje sensitiv informasjon og elevane brukar Feide pålogging på tenester som skulane brukar i møte med læring. Dette for å sikre elevane sitt personvern.
Administrering og sikkerheit knytt til nettvett
Med bruk og tilgang på teknologi medfører det kritisk tenking og ansvar. Korleis me møter den informasjonen me møter på internett, er ei viktig ferdigheit for skulen å øve på. All aktivitet på skulen sine Ipadar går gjennom kommunen sitt strenge webfilter uavhengig av kva nettverk Ipaden er på.
Reglement for bruk av lærebrett
iPaden er leasa for fem år, 1-5.trinn, og 6.-10. trinn. Etter dette skal iPad, omslag/tastatur og ladar leverast tilbake igjen. Eleven vil få utlevert utstyr for ein ny periode.
iPaden er skulen sin eigedom, elevane må ta godt vare på den og handsama den på ein forsvarleg måte. Jmf kommunalt ordensreglement: «elevane skal ta godt vare på alt som tilhøyrer skulen.»
iPaden skal alltid oppbevarast i omslaget. Det kan i tillegg vera lurt å ha ein pose, eller anna form for vern når den er i skulesekken.
Elevane skal sørga for at iPaden er opplada til kvar dag.
Ved forsiktig bruk, varer ein iPadladar og leidningen gjennom leasingperioden. Dette skal leverast inn når perioden er slutt.
Elevane får eit omslag/tastatur som skal brukast i fem år, me må difor ta godt vare på det.
Dersom Ipaden blir øydelagt, vurderer me dette ut i frå tre nivå:
Hendig uhell. Alle kan vera uheldige, og Ipaden er forsikra mot til dømes knust skjerm. Omslag / tastatur har ikkje forsikring.
Uaktsom bruk. Me forventer at elevane viser normal oppførsel i møte med skulen sitt utstyr, dette gjeld og Ipaden. Forventningane til elevane vil naturleg nok auke med elevane sin alder.
Forsett / hærverk. Bevisst øydelegging av skulen sitt utstyr eller hærverk er ikkje akseptabelt og vil bli handtert av skulen.
For uaktsom bruk eller hærverk kan føresette bli erstatningsansvarlege for iPaden etter Skadeerstatningslova § 1 – 2 første og andre ledd. Dette betyr at dersom eleven har opptredd uaktsamt eller forsettleg kan foreldra bli erstatningsansvarlege innanfor rammene av verdien til Ipaden.