Korleis gjer me beskjed når eleven er sjuk?

Korleis gjer me beskjed når eleven er sjuk? 

Dersom eleven er sjuk og ikkje kan gå på skulen, melder du frå til kontaktlærar på Visma Min Skole.  
Når eleven har feber, oppkast/diare og nedsett allmenntilstand, må ho/han vera heime.  
Eleven må vera så frisk at ho/han kan vera ute, for å koma på skulen. 

 

Varsel om 10 dagar fråver 

Informasjon om Visma-melding:  10 dagar fråvær  
 
Skulen bruker Visma som kommunikasjonsplattform mellom heim og skule. Dette gjeld og for fråværsføring når elevane er vekke frå skulen.  
Det er ulike årsaker til at elevane har fråvær. Det er sjukdom, timar hos helsevesen/ tannlege og eventuelle permisjonar.  
Når Visma registrerer at det er 10 dagar med fråvær, blir det digitalt og automatisk sendt varsling til både føresette og skule.   
 
Prosedyren er då at lærar kontaktar heimen. Ofte veit både heim og skule årsak til fråværet, og det er ikkje nødvendig med vidare tiltak.   
 
Dersom føresette eller lærar er urolege for fråværet, blir det kalla inn til møte. Me må då sjekka ut saman  kva som kan vera årsaka til at eleven er vekke frå skulen. Målet er å tidleg avdekka om eleven har fått vegring mot å gå på skulen. Det er då viktig med tidleg innsats og gode tiltak. 

I vedlegga finn de same informasjon som her, gitt på ulike språk.